Normisjon skriver om oss!
Fredagsbrevet!
Alice Holmen i raud genser framme. Her er ho saman med studentar fra Gå Ut Senteret som ho er veiledar for.
Kjære venner!
Eg skal prøve på tampen av årets julestrid og julekos å sende ein liten rapport om noko av det eg har opplevd dei siste vekene her i Nepal. Så håper eg du har tid til å lese...
Eg nevnte i sist nyhetsbrev at det har komt eit team frå Gå Ut Senteret (Normisjons bibel- og misjonsskule i Hurdal). Dei er no vel på plass og har komt i gang med arbeidet på tre dagsenter for funksjonshemma born her i Kathmandu. Eg har ansvaret for å legge til rette for praktiske ting og oppfølging i jobb for desse seks flotte jentene -det er ei kjekk oppgåve. Det er ein herlig gjeng og dei blir i Nepal til midten av mars 2007. På bildet over er teamet ilag med veilederane (nede til høgre) + tre misjonærborn.
Utsikt frå Nagarkot, litt utfor Kathmandu.
Orientering i forhold til rehabiliteringstilbud i Kathmandu-dalen
Midt i november var eg nokre dagar på orienteringsrundtur i Kathmandu-dalen for å bli litt kjent med ulike tilbod for funksjonhemmede i Nepal.
Det var utrulig mykje lærerikt og interessant vi fekk sjå i løpet av dei tre dagane. Vi var innom blant anna ortopedisk sjukehus, SOS-barnebyer for funskjonshemmede born, barnesjukehus og skule for blinde. Det som kanskje gjorde størst inntrykk var skulen for blant anna blinde born. Den starta for mange år sidan med ei engasjert dame som hadde opplæring for nokre få blinde born i heimen sin. Den gongen var det ingen som hadde tru på arbeidet hennar. I dag driv ho ein skule med 240 studentar som får opplæring og arbiedstrening og kjem seg ut i arbeidslivet for å tjener eigne pengar. Ho fortalte mange rørende og spennende solskinnshistorier!
Nokre born ved ein blindeskule i Kathmandu.
Tannklinikk og juleforberedelsar for ABBS
Eg trivast framleis svært godt i arbeidet på dagsentert. Dei to siste vekene har det vore mykje juleforbereding også på dagsentert. Borna har øvd og øvd på sine opptredener. Det skal lesast dikt, fortelling, syngast og dansast.
Her øvast det til sangframføring til juleavslutninga.
Hos tannlegen
For nokre veker sidan hadde vi tannklinikk på verandaen til det største dagsenteret til ABBS. Nesten alle borna stilte opp med ein av foreldra. Det var tannsjekk for alle borna. Nokre måtte trekke tenner, medan andre slapp unna. All behandling og medisin var gratis. Ein tannlege stilte opp på frivillig basis. Det var mange tenner det stod dårlig til med, så dette var sårt trengt.
Anjo får ein gratis tannsjekk.
Fredsavtalen signert
Det var i slutten av november at ca 38 menn og to kvinner sat på eit podie i ein konferansesal i Kathmandu og signerte fredsavtalen. Maoistbevegelsen og myndighetene i Nepal undertegna 21. november ein historisk fredsavtale. Avtalen set forhåpentligvis ein stoppar for den ti år lange krigen som har med ført med seg tap av over 13 000 menneskeliv og en stor folkemengde er dreven på flukt. Det maoistiske opprøret i Nepal starta i 1996 med mål å bli kvitt kongedømmet. I følge fredsavtalen skal maoistane sine soldatar avvæpnast og overvåkast av FN fram til det vert avhodlt ei folkeavstemning neste år om Nepal fortsatt vil vere eit demokratisk land.
Så ønsker eg deg alt det beste for det nye året!
Beste helsing frå Alice
Dette utdraget er hentet fra normisjon. no. Les gjerne hele artikkelen der! Bildene av barna er tatt fra dagsentrene der vi jobber.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home